Å gje beskjed om små besøk
Ringer eller sender dere sms om de små har med vener heim frå skulen? For meg er det sjølvsagt, men tydeligvis ikkje for alle. Lillesøster har ein tendens til å gå til venninner etter SFO. Hos den eine får eg sms frå mor/ far og som regel beskjed om at ho har spist. Frå nr. 2 høyrer eg ingen ting. Greit at ho ofte er der, men er det så vanskeleg å sende ein sms? Blir litt irritert over at eg kjem heim til tomt hus og må begynne å ringe rundt.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|