Noreg-Slovenia. Kva sjå på vegen?
Det ser ut som om me kanskje kan komma oss på ferie i år. Og då blir det kjøretur nedover i Europa med Slovenia og Catez som mål.
Me tar båten mellom Larvik - Hirtshals og kjører til Randers første dagen. Så kan me bruka nokre timar i Randers regnskog før me kjører inn i Tyskland og vidare. Me vil bruke nokre dagar på turen nedover ( og det same oppover ) Salzburg og ørneredet ligger inne på ruta. Det fristar med det knall fine slottet som nokon viste i ein annan tråd, men eg lurar på om det passar betre med turen heimover ?
Så kvar vil de anbefale at me stopper på vegen ? Me har satt opp ein midlertidig kjøreplan, men der er det rom for forandringar.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|