Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Kommunikasjon

To iPhone or to android

Kommunikasjon Forum for data, biler og "duppeditter", samt annen kommunikasjon.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 25-06-13, 22:02   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.754
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

To iPhone or to android

Eg veit det er mange kva slags telefon vil eg ha, men eg treng og å tenke litt høgt. Mitt kjære 2,5 år gamle iPhone 4 med knust skjerm har slutta å verke. Det vil seie at åtte av ti telefonsamtalar går slik:

- Hallo det er nokon
- Hallo? Hallo? Hallooooo?
- Hei det er nokon, høyrer du meg ikkje?
- Hallo? Halloooo?
- Høyrer du meg ikkje?
Klikk.

Folk eg kjenner godt, har begynt å skjønne teikninga:
- Hallo det er nokon
- Hei det er mannen din
- Åh, hei
- Ok, nå høyrer eg deg ikkje igjen, men eg tar med meg Ungen og drar hit og dit, send ein sms viss det ikkje er ok.
Klikk.

Anyhow, eg som har ein tendens til å bli veldig sterkt knytta til telefonane mine og ikkje skifte dei ut før eg må, synest det er tungt å innsjå at eg nå må skaffe meg ein telefon det går an å prate i. Og så er det det med pris då... Eg vil eigentleg ha ny iPhone, men iPhone5 begynner på 5200,- Og eg har strengt tatt ikkje 5200 å bruke på telefon akkurat nå. Eg har iPad og mac og liker veldig godt å forhalde meg til iOS og iCloud over heile linja. Eg liker og godt brukaroppsettet på iPhone veldig godt. Mannen meiner eg får mykje meir telefon for pengane viss eg går for ein androidtelefon. Han seier og at iPhone er berykta for dårleg GSM-mottakar og at det er derfor eg ikkje kan snakke i telefonen lengre. Så nå lurer eg på:

- Erfaringar med GSM-mottakar (mikrofon?) på iPhone5?
- Erfaringar med overgang frå iPhone til android? Er det like tungt og klønete som eg innbiller meg, eller fungerer det greit?
- Fungerer apper som Kindle, Evernote, Wordpress, Memonic, GoodReader etc. godt på tvers av Android/iOS?
- Korleis er det med kalender- og epostsynkronisering mellom androidtelefon og mac/iPad, blir det bare kluss utan iCloud?
- iPhone4S koster 900 kroner mindre enn iPhone5. Er det dumt å spare på å gå for ein eldre modell? (iPhone4 finn eg kun med 8GB, og det er for lite, så lenge iOS tar så stor plass som det gjer, så den bruker eg ikkje pengar på).

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 11:19.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no