Bystasjonen i Bergen - parkering, handicap m.m.
Skal hente ei eldre dame som kjem med buss til Bystasjonen i Bergen. Ho har dårlige bein, og smerter når ho må gå langt. Eg har gjort dette før, og sleit seriøst med å finne ut kor eg skulle parkere bilen. Eg endte opp med å parkere på eit av plana over, men det blei altfor mykje gåing for henne. Lurer på om det er mulig å unngå
Bussen stoppar i den "nye" delen av terminalen, under den sørlige delen av parkeringshuset. Det er vel ikkje lov å kjøre inn der med privatbil? Vurderte å parkere ved sida av ved godsterminalen (?), men da må ho jo krysse vegen - og ho går seint. Eg tør ikkje å parkere der bussane skal stå. Eg må jo vente litt før bussen kjem, forlate bilen for å bere koffert, og det går seint å komme seg bort til bilen.
Eg kunne jo ringt ein innstans og spurt om råd, men er det Skyss eller Bergen parkeringsselskap eller kva? Nokon som veit om ein plass å parkere som er nær bussane?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|