Sv: Heikki Holmås sin tweet
Ja, eller som den eine kommentaren lyd: "De maler med bred pensel konstant, og sutrer når andre gjør det samme mot dem".
Eg er ikkje uenig, eller syns synd på Frp, eller syns dei på noko vis har rett i sitt grums. Eg syns deira reaksjon og bu-huing over å vere mistolka er heilt uinteressant. Men eg syns rett skal vere rett og maling med brei pensel ein uting. Eg ser ikkje poenget med å trekke dei lenger mot høgre enn dei faktisk er - for kva er formålet med det? Hevn? Dei er høgrepopulistar med feil menneskesyn og feile haldningar, men ikkje høgreekstremistar. I alle fall ikkje slik eg opplever partiet.
Eg trur denne saka engasjerer Frp og venstresida mest av alt. Eg syns dette innlegget (også) er bra, frå Hilde Sandvik:
http://www.bt.no/meninger/kommentar/...l#.UjK71mQayc1
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|