Sv: Frivillighet og verv i lokale organisasjoner og barns aktiviteter
Eg stemte på fleire verv, men i år er eg berre leiar for arbeidsstova her.
Vi har så liten skule at klassekontakten set i FAU. Eg har sete i to år for klassen til storesøster, det siste året (i fjor) som kasserer. Samboaren min er leiar for velforeninga (dekkjer heile skulekretsen) og speidarleiar for storesøster. Tidlegare sat han også i styret for karateklubben.
Her vi bur er det dei same som går igjen, noko som fekk meg til å fresa for forrige foreldremøte. Eg stod på val og det skulle velgast ny klassekontakt. I same sekund vart alle foreldre akutt døve/ forstod ikkje lenger norsk/ trudde dei var usynlege.
Eg ynskjer egentlig å gje meg som leiar for arbeidsstova, men eg veit at den vert lagt ned i så fall. Samboar vart speidarleiar i haust, for ellers vart speidargruppa lagt ned. Eg veit om i alle fall ein fotballtrenar som ynskjer å gje seg, men som ikkje får nokon til å ta over. Turngruppa til storesøster er lagt ned pga. trenermangel, og danseundervisninga til lillesøster er delvis oppe og går til jul.
Alle ynskjer at ungane skal gå på aktivitetar, men få vil hjelpa til for å gje dei eit tilbod.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|