Spinn off - Dine gamle foreldre / svigers
Spinn off av tråden om "Bor du i samme lokalsamfunn som dine foreldre eller svigerforeldre?".
Har du tenkt over kven som skal "ta seg av" dine foreldre, eller svigers når dei er +75? Er det blitt drøfta i familien? Har du / de mulighet til å hjelpe til med å handle, støvsuge, måke snø, rydde i hagen, kjøre til legen?
Eller tenker du at dei vil få heimehjelp / kan ta taxi / betaler naboen for å måke eller å handle for dei? Eller tenker du at når dei ikkje lenger greier å handle vinterstid, så bør dei flytte på sjukeheim?
Har foreldra dine snakka om alderdommen sin? Har dei planlagt det?
Har du tenkt på kva som skjer om foreldra dine ikkje får sjukeheimsplass med ein gong behovet oppstår? Har du da muligheten til å hjelpe, eller bur du 3 timars kjøring unna, og er i full jobb? Kunne du tenke deg å betale for privat tenester, om det fantes?
I know - eg har tusen spørsmål om dette. Eg bur sjølv langt unna, dei har ingen familie rundt seg, og dei er gamle. Eg veit ikkje korleis dette skal løysast.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|