Formiddag / Ettermiddag
Når er det formiddag og ettermiddag for deg? Eg opplever at dette verkeleg blir oppfatta ulikt... Sjølv meiner eg heilt klart at formiddag er før kl. 12 på dagen, og ettermiddag er da etter det. "utpå ettermiddagen" er gjerne klokka 16. Etter ca 18 er det kveld. "I kveldinga" er ca kl. 19-20.
Men så er eg nå eit gudsord frå landet. Eg hugsar frameleis folk (gardbrukarar) som åt middag klokka 12. Ungane fekk oppvarma middagsmat då dei kom heim frå skulen.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|