Tips - bildeteneste for instagram etc - gavetips
Eg vil berre tipse om ein app som lar deg bestille papirkopiar av dine Instagram-bilder (og det kan sjølvsagt vere andre bilder også) Vedlagt ser de bilde av det er bestilte i haust. Kvaliteten er heilt grei - tatt i betraktning at det er Instagram-bilder som har ein litt røff look. Papiret er ganske tjukt og matt. Altså ikkje glossy og high shine, men eg likar dei sånn som dette.
Det eg vil fram til at det er enkelt, fordi du treng ikkje sitte framfor ein pc og laste opp bilder. Dette skjer på telefonen, og er veldig fint presentert slik at du ser godt kva du får. Dyrt er det heller ikkje. Mini'ane på 6x6 cm. kostar 15 dollar for 48 stk. Altså 90 kroner eller deromkring. Ein betaler på telefonen (via kort meiner eg å hugse).
App'en er gratis, og du finn den i app store. Sjå etter Print Studio.
Det er desse folka her: http://printstagr.am/
Ein sånn poster for heile året kunne eg godt ha tenkt meg: http://printstagr.am/poster
Skal bestille innramma bilder til besteforeldre til jul 
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 18-12-13 kl 16:49.
|