Sv: Gladnyheit frå Digitalbok
Greia med bibilotek og e-bokutlån er knytta til rettigheiter. Dei kan ikkje låne ut bøker på ein måte kor dei ikkje har kontroll på filene. Slik det er nå, kan ein kun låne gjennom denne aktuelle appen (det er for øvrig eit prøveprosjekt) og det er eit visst antall eksemplar tilgjengeleg for utlån. Når eg er ferdig med ei bok, trykker eg på lever og boka blir sletta frå min app og tilgjengeleg for andre. Men viss dei skal låne ut i filformat som blir lagra på disk/Kindle/lesebrett eller liknande, slik som kjøpe-e-bøkene blir, ville dei i praksis delt dei ut gratis. Så det må i alle fall finnast andre tekniske løysinger før e-bokutlån blir tilgjengeleg på Kindle. Det same gjeld Nasjonalbiblioteket si samling som er scanna. Den er kun tilgjengeleg frå norske IP-adresser og rettigheitsproblematikken knytta til å kunne laste ned og ta med desse bøkene er vanskeleg. Desse boksidene er og lagra i biletformat, så det er nok ikkje bare-bare å konvertere til eit anna filformat.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|