MacBook Pro som henger
Eg har ein MacBook Pro på fjerde året. Dei siste vekene har han hatt ein tendens til å henge seg opp, slik at eg må slå han av for å få kontakt med han igjen. Medan han slår seg av, heng han seg opp med blå skjerm og tenkesymbol, og slik kan han stå over natta, viss eg ikkje trykker inn av/på-knappen igjen og held han inne til han slår seg heilt av. Det går fint an å omstarte han igjen etterpå.
Er det noko lurt eg kan gjere for å stelle fint med den gamle macen min? Eg er ganske glad i han og har ikkje så veldig lyst til å skifte han ut, han verkar jo fint når han ikkje heng seg opp. Finst det nokre gode opprenskingsprogram eller ting ein bør gjere rutinemessig for å ta godt vare på ein gammal mac?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|