Korleis ville du ha innreia ei hytte ved sjøen?
Vi er altså i startfasen på å bygge hytte ved sjøen. Valget har falt på ei hytte på 76 kvm, to etasjer, litt sørlandsinspirert men med mykje vindu. Stue og kjøkken i heile fronten med vindu meir eller mindre frå tak til golv.
Hytta er nok ikkje ferdig før til våren neste år men eg har ein plan om å begynne no med innkjøp og tankeverksemd for å fordele kostnadar. Eit viktig moment for meg er gjenbruk og eg har eit hårete mål om at ingenting skal kjøpast nytt. Men eg ane ikkje kva stil eg skal velge. Taket er kvitt, golvet kvitkalka eikeplank, veggane enten kvitlaserte eller lys grå. Vi skal ikkje ha maritimt tema, og eg er ikkje så fargecrazy sjølv om det sikkert kunne blitt fint. Og eg skal finne mest mulig i skuffer, skap, Finn og bruktbutikkar.

__________________
Gut 02 Jente 05
|