Sv: Haster: Anbefal meg en superfengende, lettlest bok!
Opprinnelig lagt inn av Teflona, her.
Hva var det du ikke likte?
Denne burde eg jo ha svart på før... Beklager, eg såg det ikkje før nå.
Kortversjonen er at eg synest forfattaren undervuderer lesaren og overforklarer veldig mykje, det blir for mykje telling og for lite showing. Han bruker ein del veldig underlige metaforer og så forklarer han dei i stykker. Og så er språket på ein måte veldig klisjéfylt og på ein annan måte så drar han det veldig langt i å forsøke å vri gamle og velbrukte språklege vendingar til noko nytt og originalt, på ein sånn måte at det bare faller saman og blir platt.
I tillegg tenker eg at det er gjort ein dårleg redaksjonell jobb på boka. Det var mangel på konsekvens, eg-personen visste plutseleg ting på eit tidlegare tidspunkt enn han hadde forutsetningar for å vite og ein del slike ting.
Boka var spennande, på sin måte, men det var litt for mange irritasjonsmoment til at eg meiner at ho fortener den hypen ho har fått.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|