Middag for ein
Annakvar veke så er det kun meg å lage middag til. Eg likar å lage mat og det blir laga frå bunnen av. Prøver å lage middag, slik at eg kan ha rester med til neste dags lunsj.
Eg har ikkje fryseplass så eg kan ikkje lage opp stort. Og eg blir lei, dersom eg må spise det samme til middag tre dagar på rad liksom.
Kva lagar andre single til middag? Eg trenger litt tips og inspirasjon.
Lørdag lagde eg kyllinggryte med fetaost og creme fraîche og ris til. Det blei og dagens lunsj. Søndag varma eg opp ei bourgund gryte som eg lagde litt tidligare i veka. I dag (mandag) blei det berre ein omelett med diverrse rester, dette blir og morgondagens lunsj.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|