Mineralsminke og augeparti
Eg er ikkje så glad i å sminke meg så veldig. Eg har sart hud, særleg rundt augene. Dermed er det houvdsakleg ein runde med mineralpudder i fjeset og maskara dersom eg sminkar meg overhovudet.
Men dette mineralpudderet legger seg så stygt omkring augene. Det er fine linjer der etterkvart, og pudderet ser ut til å framheve desse.
Kva brukar ein omkring augene når ein berre skal basere seg på mineralpudder? CC eller BB-krem blir for heftig her. Det berre svir. Concealer eller sånn farga under auget-krem blir for fuktig og da blir pudderet klattete.
Det er jo eit heilt arbeid med ansiktspleie no. Eg hugsar ei tid det å legge seg begrensa seg til å pusse tenner og tisse. No er det eitt serum rundt auger og eitt serum på øvrig hud. Så feit augekrem rundt auger og anna krem på fjeset. Så må dette tørke lenge nok til at det er mogleg å ha på mineralpudder. Og skal det smøjast på concealer blir det ytterligare ventetid før pudderet kan påførast. Ofte endar eg opp med å droppe alt anna enn serum, krem og maskara.
__________________
Bergensis
|