På eventyr i Europa?
Vi har nettopp oppdaga at å bile til Trieste berre tek omlag dobbelt så lang tid som å reise til mine foreldre på innerste austland. Så vi tel på knappana om vi ikkje skal ta ein real roadtrip med ungane til sommaren. Køyre via Sverige og Liseberg til Danmark, gjennom Tyskland og søte landsbyar og fine slott til Praha, videre til Wien og så ned til Trieste. Derifrå kan vi ta til aust og bade i Kroatia eller til vest og køyre gondol i Venezia. Evt. dele opp nokon av attraksjonane og ta nokre på vegen ned og andre på vegen heim.
Er det nokon som har prøvd seg på ein slik roadtrip? Var det kjekt eller var det galskap?
Ungane er svært langtur- og bilvande og glade i å vere på tur. Vi er fleksible og spontane folk. Kva må vi evt tenkje på? Kva lyt ein vere budd på? Overnatting - tek ein det på sparket eller lyt ein helst planlegge?
__________________
“Time and trouble will tame an advanced young woman, but an advanced old woman is uncontrollable by any earthly force.”
― Dorothy L. Sayers
|