Sv: Konfirmant 2017
Svigermor meiner at sangar er obligatorisk i alle sånne settingar. Dåp, konfirmasjon, bryllaup og feiring av runde dagar. Sidan ho er veldig delaktig i planlegging og gjennomføring no, så synger me for (før) maten. Det var iallfall det me gjorde i dåpen.
Andre sangar legg eg ikkje opp til. Men om nokon av gjestene vil ta ein trall, så gjerne for meg. Når me ønsker velkomen, så vil me seie noko om at ordet er fritt. Om nokon har lyst til å fortelje noko, dele noko, holde ein tale eller synge ein sang, så er det fritt fram.
__________________
Bergensis
|