Kombinere iOS og Android på ulike dingser?
Telefonen min syng på siste verset og eg må kjøpe ny. Eg har eigentleg ikkje råd til ny iPhone, og ser nå på ulike Android-telefonar. Men eg er ofte i dårleg form og bruker telefonen mykje til både surfing og skriving, når eg ligg i senga. Eg har iPad og Mac utanom, og bruker både iCloud, Pages og GoodReader på tvers av alle dingsane mine. Eg veit at eg kjem til å sakne denne saumlause overgangen mellom iPhone/iPad/Mac, dersom den blir borte.
Spørsmålet mitt er eigentleg er det andre som har gjort seg erfaringar med å bytte ut ein iDings med Android? Fungerer desse appane på tvers av ulike OS eller blir det slik at telefonen då blir adskilt frå dei andre dingsane mine?
(Alternativet til å kjøpe ny Android-telefon er å gå for ei eller anna avbetalingsløysing med bindingstid, men det har eg eigentleg lite lyst til, fordi det er fleire faktorar som gjer at økonomien min er usikker framover).
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|