Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Nyheter og media

Har noen laget denne siden på bøff, eller har det bikket helt over for prinsessen?

Nyheter og media Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 26-07-07, 22:08   #10
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Har noen laget denne siden på bøff, eller har det bikket helt over for prinsessen

Du store.. her var det mykje rart gitt! Veldig artig tråd å lese! Underlig nok er eg ikkje enig med dei eg elles alltid er enig med. Mim, Skilpadda, Tinetoff.. kva er det de tenker på??

Eg er ein av dei "tror det ikke før jeg ser det" folka. Finst ikkje eit religiøst bein i kroppen min trur eg. Trur ikkje på gudar, spøkelser, healing, synskhet, troll, vardøger, ufoar, "meir mellom himmel og jord" eller noko som helst. Nicht und nada. Englar inkludert. Derfor har eg absolutt ingen som helst tru på det Märtha har starta opp med.

Eg har ei islandsk svigerinne. Der borte trur ein på så mangt; og ein legg vegane sine rundt steinar som det bur huldrefolk i. Kult syns eg; det er kulturminnevern i praksis, og sikkert fint for dei som trur på huldrefolk. Svigerinna mi er ein av dei. Eit oppegåande menneske, som seier at ho kan sjå huldrefolka. Ho har til og med peika på dei utafor vindauga våre heime i Bergen. Joda, dei går der på muren seier ho, og ler, og peikar. Eg ser jo ikkje ein kjeft. Eg trur heller ikkje på at dei finst, men eg veit at ho lyg ikkje. For ho ser dei, og er overbevist om det. Eg syns det er facinerande. Dei eksisterer; i hennar bilde av verden. Men dei finst ikkje i min. Og eg trur ikkje at dei finst i virkeligheten. Eg trur på vitenskapen (som jo blir min religion). Den seier at dei ikkje finst, så ergo trur eg ikkje på at dei er der. Men dei er der i hennar bilde av verden.

Mennesket er eit religiøst vesen. Det er naturlig for menneske å tru på eit eller anna, og vi greier å overbevise oss om det meste. Er dette eit problem egentlig? Religion og "overtro" (kva er nå det??) kan føre fryktelig mykje vondt med seg, men stort sett fungerer religion som eit strukturane system som set retningslinjer slik at folk kan dra "lasset" i same veg. Det er ein vesentlig del av all kultur. Vi er religiøse vesener og etter mitt syn er det eine livsynet like "godt" eller "teit" som andre livsyn.

Når det gjeld dette "studiet" som dei tilbyr; eg ser ingen problem med å ta seg betalt for det, i alle fall så lenge det er snakk om honorar som ligg på same nivå som andre kurs. At dei tar seg betalt syns eg nesten er sjølvsagt. Dersom dei meiner å ha kunnskap som andre kan dra nytte av, kvifor gi dette gratis? Hadde i alle fall aldri eg gjort.

Opprinnelig lagt inn av Madam Mim, her.

Nei, nei! Man kan gjøre NARR på bakgrunn av livssyn, men ikke gjøre FORSKJELL på bakgrunn av livssyn.

Jeg kan feks ikke la være å ansette en rengjøringsassistent eller lektor fordi h*n tror på engling. Men jeg kan le ham eller henne rett opp i fjeset i en diskusjon. Det er lov.

Men er dette så vesenlig forskjellig frå å bli ansatt som sjef i ein bedrift, og oppleve at alle kommenterer og gjer narr av deg fordi du er kvinne? Det er kanskje ikkje ulovlig, men det er ein hårfin balansegang før det blir snakk om kjønnsdiskriminering. Er det ok å gjere narr av folk sånn? Ville det vere ok om eg gjorde narr av svigerinna mi som trur på tussar og troll og småfolk? Eg har jo INGEN tru på at tussar og troll finst. Har eg dermed rett til å le av henne? Det er garantert ikkje ulovlig å gjere narr av folk som trur på sære ting, men det er vel ikkje spesielt sjarmerande (eller moralsk riktig?) å le av andre sitt syn på korleis verda fungerer og heng saman?

Ein annan ting er at eg faktisk trur at folk kan få hjelp på denne måten. Har eg ein familiemedlem som er i ferd med å gå til grunne vil eg heller at vedkommande trur på englar eller tussar og troll eller gud og Jesus og finn ro og trøst der. For enkelte er dette ein måte å få hjelp på; og det kan vere like effektivt som psykologar eller piller. Faren for å bli ekstrem er absolutt skremmande, men så lenge folk er i stand til å fungere normalt i forhold til jobb, familie og venner (og ikkje ruinerer seg) ser eg ingen fare ved at dei har ei overbevising. Velger dei å bruke 12 000 i halvåret på overbevisinga si syns eg det er heilt uproblematisk. Andre brukar det samme på hangliding eller scrapbooking eller musikk. Å bruke 200 000 er så klart ei anna sak.

For meg er dette på denne sida med englar heilt meiningslaust. Vitenskap og fakta er min måte å forklare verda på. At andre forklarer verda på andre måtar aksepterer eg, og eg ser at dei har glede og nytte av det. Blir ein eit betre og lykkeligare menneske av å ha kontakt med englar eller snakke med dyr, so be my guest.

Eg trur på fint lite mellom himmel og jord, men der finst mykje rart oppe i hjernen til folk. Tru kan flytte fjell

Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Emneord
engleskole, klassiker


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 22:45.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no