Me skal og pusse opp stua, vil gjerne ha tips
Endeleg skal me snart igang med å pusse opp stua. Det blir godt.
Me skal male panelen og bytte ut dei fleste møblane.
Golvet skal pussast ned og lakkerast. Usikker på om me skal ha teppe inners i tv kroken eller ikkje, har eigentleg lyst til det.
Bogane er nok litt teite men det er veldig kjekt med den avdelingen....
Det store bordet skal stå att (ikkje stolane), det er lakkert furu. Ellers blir nok resten bytta ut. Eg har ikkje lyst på bruntonar, har tenkt meg ein sofa i gråfarge (litt mørk) der den blå skinnsofaen er no. Buesofa men utan rygg ved vindauget tenkte eg. Muren skal og malast. Nye stolar til bordet. Og i tv kroken er eg usikker. Skal ha ny tv, flat med tv benk eller annan løysing. Møblar der veit eg heller ikkje. Det er lys i gardinbretta med kan godt ta ned dei.
Farge på veggen veit eg heller ikkje men eg tenker ei lys farge som passar til grått, at ting går i grått, lyst, litt lakkert furu og litt svart i pynteting og ei farge på evnt teppe, puter, gardiner og stæsj (som lett kan byttast på litt).
Eg likar ikkje heilt minemalistisk stil men reint og fint med personleg preg, litt lunt. Skal ha ei gammal kiste eg har arva i kroken ved ovnen. Og eg tenkte mannen kunne laga ei stor bokhylle på resten av veggen som enten blir mala eller lakka (veggen vidare fra ovnen)
Har ingen planteikning men nokon bilde. Mykje av tinga skal bort (sjå bort frå alt rot).
*Bilder borte*
__________________
Strong is the new skinny
Sist redigert av Zip : 14-08-07 kl 16:41.
|