Har du sett Kristiania magiske tivoliteater?
Mange her har jo eldre barn, og det er ikkje sikkert NRK sin adventskalender står øverst på prioriteringslista. Men eg vil gjerne anbefale dykk å sjå Kristiania magiske tivoliteater. I formiddag har eg lese boka som følger kalenderen, Tikkens jul, der vi følger ein av bifigurene i kalenderen. Og eg skulle ønske eg hadde lese eit og eit kapittel frå boka, parallelt med at eg såg ein og ein episode frå serien. Eg har laga ei liste over grunner til å sjå årets kalender, sjølv om det ikkje er advent lenger:
- Realasjonene mellom foreldre og barn som utvikler seg gjennom serien
- Tikken sin sang
- Werther, den vesle gutten som treng ein familie
- Vikapakket som bruker bøllekapasiteten sin på å redde Luka
- Erle Buchmann, som får alle andre ufyselige karakterar til å bleikne
- Ansiktsutrykka til Aftenpostenanmelderen og Lobelia, når dei liker teateret
- Scena der Selome Ementu fortel dottera om korleis ho blei utstilt som eit dyr
- Når dei to eldre nabodamene setter Hugo på plass
- Alfred, som risikerer jobben, men likevel hjelper barna
- Gabrielle, som er den tøffaste jenta NRK har vist fram
Veldig fin, sosialrealistisk adventskalender, som tematiserer forholdet mellom fattige og rike, og med boka, adopsjon og rasisme i Kristiania på 1920-tallet.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|