Togbilletter i Italia
I går impulsbestilte eg flybillettar til Roma for heile familien (fem personar) i påskeferien. Fant billige billettar med Norwegian og er hungrig på skikkelig vår, så då klarte eg ikkje å la vere 
Roma har vi sett før, så planen er å ta tog til Firenze og vere der i fire dagar og så ta tog tilbake igjen.
Det går dessverre ikkje tog direkte frå flyplassen, så vi må ta flytog til Roma Termini først. Eg hadde planar om å kjøpe togbillettar, men syns det er veldig vanskelig å vite kor mykje tid eg må legge inn mellom ankomst på flyplassen og togavgang! Flyet kan jo vere forsinka også.
Er det veldig lite smart å vente med å kjøpe togbillett til vi er på Roma Termini? Dette er Palmesøndag, så det er eigentlig før den skikkelige påska begynner. Eg håpar derfor på at det er før hordane skal til Peterskirken. Men mulig det er masse turistar også i Palmehelga? Det er ikkje krise for oss om vi ikkje får sitte samla på toget, men vi vil helst på samme tog!
Og så er det litt viktig at vi faktisk kjem oss til Firenze den dagen.
På returen frå Firenze (Skjærtorsdag) vil eg forhåndsbestille billett sidan vi der har eit fly vi skal rekke. Og då er det antageligvis mange som skal til Roma.
Men kva er eigentlig den "offisielle" nettsida for å kjøpe togbillettar i Italia? Eg har funne mange forskjellige og er litt redd for å bli svindla..
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|