Kan "alle" ha politiske verv?
Ein slags spin-off til Erna-diskusjonen og ymse anna. Både i tråden her og i samfunnsdebatten generelt blir det stadig sagt at viss ikkje poltikarar kan eige aksjer, utelukker det mange frå å ha politiske verv.
Dei siste månadane har eg vore meir engasjert i lokalpolitikk enn tidlegare i livet mitt, fordi det har vore ein nær sak som har engasjert meg. Ved eit tilfelle blei eg og nokre fleire einskildpersonar kalla inn til ei høyring i Oslo rådhus. På veg heim fortalde ein av dei eg var saman med at hen hadde vore nødt til å søke om ein feriedag frå arbeidsgiver (helsevesenet) for å møte opp på dette.
Eg har tenkt mykje på dette, for dei fleste med politiske verv starter jo i lokalpolitikken. Det er eit fåtal som er fulltidspolitikarar. Og viss folk som jobber i bestemde (lågtlønna og lite fleksible) bransjer, ikkje har moglegheit til å klatre opp på første trappetrinnet er det - i mine auge - eit demokratisk problem. Det gjer jo at heile yrkesgrupper er ekskludert frå å delta i politikken. I forlenginga av dette, tenker eg at det neppe bare gjeld folk i helsesektoren, men òg pendlarar og andre med vaktarbeid og rigide arbeidstidsavtaler.
Det verkar som om det er ei allmenn oppfatning i samfunnet generelt at "ein ikkje skal ekskludere aksjespekulantar frå å drive med politikk".
Det er allereie eit "klasseskilje" mellom dei som har fleksibel arbeidstid og dei som ikkje har det, med tanke på kor høg terskelen er for å engasjere seg politisk.
Her i Oslo er det òg i ferd med å vekse fram eit markant skilje i valdeltakinga.
Sitat:
Aller høyest var valgdeltakelsen i Vestre Aker. Der stemte 77,5 prosent.
I to bydeler stemte under halvparten: Alna og Stovner. Grorud bikka så vidt over, med 50,9 prosent.
Det er samsvar mellom bustadprisar og sosioøkonomiske forhold og høg valdeltaking.
Det er allereie mange yrkesgrupper som er ekskludert frå politisk arbeid, fordi den private kostnaden er så stor, når dei ikkje kan flekse eller kjøpe seg fri for å delta.
Etter den samtalen i vår, har eg som sagt tenkt ganske mykje på dei gruppene som blir ekskludert frå å delta politisk, dermed får eg ganske stram avsmak av argumentet "Men kva med dei stakkarane som eig aksjer ..."
Kor eg vil med dette? Eg vil diskutere om vi har eit demokrati der alle kan delta og om det eigentleg er så ille å stille strengare krav til dei som skal styre?
Eg synes debatten som å "ekskludere folk" frå politiske verv på grunn av eigendom er heilt feil ende å begynne i - ein burde begynt med å snakke om korleis ein kan inkludere folk, til tross for vakt-, turnus- og pendlerarbeid.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|