Å bli sett pris på....
Eg hadde ei utblåsing i går. Trøytt og lei av at huset flaumde over av rot og skitne kle. Alle var så "trøytte og utslitne" at ingen kunne gjere noko heime. At eg hadde hatt endå lenger arbeidsdag var det visst ingen som tenkte på...
Sååå, eg fekk gjeve klar beskjed om kva eg meinte.....
I dag då eg kom frå jobb, var middagen klar, bordet var dekka med duk og stearinlys, og eg fekk ein diger blomsterbukett frå mann og eldste og takk for at eg er "verdens beste mamma og kone".
Då middagen var ferdig, storma dei andre inn i stova, medan eg sto igjen med all oppryddinga. Eg trur eg vart lurt...... Men, det var kjekt så lenge det varte! 
|