Sv: Taco til nyttårsmiddag??
Eg skulle gjerne servert sofistikerte festmiddagar, men har verken erfaring eller kunnskap som tilseier at eg ville dratt eit sånt prosjekt i havn.
Men me forsøker likevel å invitere familien (10stk) på middag ein dag i romjula. Pleier å servere kyllinggryte av eitt eller anna slag. Neppe kvalifisert som verken selskaps- eller festmiddag, men me har ein triveleg middag likevel. (Dessutan er det kjærkomen avveksling frå ribbe og steik og sånt)
Hadde eg blitt invitert til nyttårs-taco hadde eg vel berre konkludert med at vertane truleg er like klønete på kjøkkenet som meg, men det er sprekt å invitere til nyttårsselskap likevel
__________________
Bergensis
|