Sv: En avsporing til: Hva er du VIRKELIG ikke god til?
Eg er frykteleg dårleg på smalltalk. Endar eg opp i situasjonar der det er forventa smalltalk med personar eg ikkje kjenner særleg godt, er eg fullstendig tom i hovudet, og kjem ikkje på noko som helst å prate om. Dessverre ein viktig grunn til at alle samankomster av typen "FP-treff" eller liknande utgår omtrent før tanken har vore innom. 
Ellers er eg frykteleg dårleg på alt av typen handarbeid, uansett kva det dreiar seg om. Inkluderar det tråd/garn i noko slags variant, kjenner eg kor blodtrykket stig berre det er omsnakka.
Og ja, eg er visst frykteleg dårleg til å kome meg i gong med noko før tidsfristen nærmar seg sterkt. Då er eg til gjengjeld suppereffektiv, og jobbar gjerne døgnet rundt for å bli ferdig i tide. Og det blir eg. 
|