Sv: Barn bør ikke begynne i barnehage før de er to år
Når det gjeld 1-åringar er omsorg og nærhet langt viktigare for meg enn pedagogisk opplegg. Så at kvinner og menn uten pedagogisk utdanning tar seg av min 1-åring har eg ingen problem med. Eine assistenten på småbarnsavdelinga i vår barnehage er heilt fantastisk. Ho er oppriktig glad i alle barna og dei elskar ho. Maiken spring inn i armane hennas om morningen.
Pedagogar er meir viktig når dei blir litt eldre. Syns eg. Men det er mi personlige meining. Så eg er ikkje så bekymra for mangelen på pedagogar. Men store barnehagar med hyppig utskifting av personale er eg skeptisk til.
Då Maiken var 1 år fekk vi eigentlig plass i ein barnehage med nesten 300 barn som var nyopna. Har vore veldig hyppig utskifting av personale der i starten, så er glad for at vi fekk plass i samme barnehage som storesøstra i siste liten. Mesteparten av det pedagogiske personalet pluss eit par av assistentane har jobba der i snart 20 år! Kan vere både fordelar og ulempar med det, selvfølgelig, men eg syns det er greit at eg faktisk kjenner dei voksne der no etter å ha hatt barn der i tre år.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|