Sv: Klimaet vårt og CO2 og sånn
Sjølvsagt er det prisverdig å ikkje villa forureina og sjølvsagt er debatt viktig, men ein må vera klår over eit par ting.
Det CO2-problematikken dreier seg om er ikkje forureining i den vanlege forstand som dei fleste kjenner til og merkar på t.d. dårleg luftkvalitet. Det det dreier seg om er om me ynskjer å overlata jordkloda til våre born og borneborn i ei forfatning som dei vil sjå på som ei grei arv etter oss.
Debatt er viktig, men eit par viktige moment har klimaforskaren Helge Drange frå Bjerknessenteret i Bergen forklart betre enn eg greier i dei to artiklane de finn linkar til her:
- Klimaskeptikere sprer påstander som ikke holder vann
Klimaskeptikere tilslører alvoret
Fornektarforeininga "Klimarealistane", som vert omtala i linken i starten av denne tråden, er ikkje nokon som har "kome på banen" i det siste. Dei har helde det gåande i lang tid med å koma med eit, hevdar dei, "skeptisk" bidrag til debatten. Denne skepsisen består stort sett i fornekting av validiteten til arbeidet og konklusjonane til nærare samtlege forskarar som driv med forskning på klima og i å bringa på banen eit kvart forskningsresultat som ser ut til å motbevisa teoriane om menneskeskapte klimaendringar. Det at forsvinnande lite av dette forskningsmaterialet held vatn om ein går det nærare etter i saumane gjer at det ikkje går gjennom fagfellevurdering og dermed ikkje vert publisert i forskningspublikasjonar som krev slik vurdering. Men dette er noko desse "skeptikarane" ikkje ser ut til å bry seg nemneverdig om. Dei kallar det i staden sensur av alternative synspunkt.
__________________
Rart er fint
|