Sv: Endrede medievaner?
Men eg er faktisk litt bekymra for kvaliteten eg da. Eg er så lei av at media (TV altså), stadig vekk spør mannen i gata kva han syns om ditten og datten. Det interesserer meg fint lite kva Trond Olsen meiner om likelønn, eller bompenger, eller forsøpling. Eg vil mykje heller høyre kva ein ekspert seier. Eg får nesten inntrykk av at ekspertane si tid er forbi, og det er synd. Eg likar folkeopplysning. Eg likte gammeldags, traurig TV
Og bloggane er jo stort sett menigmann. Der finst mange ekspertar som bloggar altså, for all del, men stort sett er det eit problem at nettet ikkje er kvalitetssikra. Det skal det heller ikkje vere - eg er for eit fritt og "anarkistisk" internet. Det som trengs da er at FOLK er kildekritiske. Der trur eg kanskje at vi har ein lang veg å gå.
|