Sv: Utsagn i artikkel om at kvinner vil forsørges, fra Dagbladet
Innan vi er ferdig med middag og rydding etter middagen nærmar klokka seg 18. Dei to timane mellom kl 18 og kl 20 vil eg gjerne vie til barna mine, uten å gjere husarbeid. Etter legging går det med ein times tid til rydding, henge opp klær, legge samme klær, sett på ny maskin med klær, tømme oppvaskmaskin osv. Når eg er ferdig med dette har klokka blitt 21, sjløv om mannen hjelper til. Svært ofte må eg då jobbe ein times tid fram til kl 22. Eg er stipendiat, så eg må lese eindel faglitteratur på kveldstid, helst før eg blir for trøtt til å få med meg det eg les. Så har klokka blitt 22. Ideelt sett burde eg då i allefall eit par kveldar for veka gjort noko husarbeid, f.eks støvsuge, støvtørking, moppe golv, vaske badet og slike ting. Sjølvsagt ikkje alt på samme kveld. Men det blir altså ikkje gjort. Eg har meir enn nok med rydding og klesvask på vekedagane. Alt anna må utsettast til helga.
Og sånn har eg ikkje lyst til å ha det resten av livet!
No har vi planar om å starte eit svært oppussingsprosjekt også, sidan vi ventar eit barn til. Har berre to fungerande soverom akkurat no og eit bittelite bad, så noko må gjerast før vi blir fem. Og eg kan ikkje fatte å begripe korleis vi skal klare det uten å slite oss fullstendig ut.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|