Sv: Middagstips for "slankeoperert"
Tusen takk for svar. Oppfølging er mangelvare, gitt. Små og hyppige måltid er det vedkomande har fått beskjed om og det er stort sett det heile. (Store og berre tre gongar for dagen var det vedkomande fekk på sjukehuset - i tre veker etter operasjonen ... Som eit eksempel; heil biff til ein eldre person som har fjerna heile magesekken, to veker etter operasjon. Det vart berre nokre bitar med moste grønnsaker på pasienten den dagen.)
Vi som pårørande er sjølvsagt fortvila over situasjonen, og eg håpte nokon hadde tips om mat det var greitt å få i seg. No går det mykje i næringsdrikk og suppe, men det bør snart kome eit tillegg til det og pasienten sjølv slit veldig med matlyst og redsel for å setje bitar fast.
|