Sv: Født med surrogatmor fra India - etisk dilemma? (vg)
Sitat:
. I dei fleste land er det slik at den kvinna som føder barnet, blir rekna som barnet si juridiske mor. Dersom ein har brukt sæd frå den komande faren, må surrogatmora oppgje han som far til barnet til norske myndigheiter, og han må vedgå farskapet. Mora og den oppgjevne faren kan gjere avtale om at far skal ha foreldreansvar aleine for barnet slik at han kan ta med seg barnet tilbake til Noreg, der hans partnar eventuelt kan stebarnsadoptere barnet. Dersom surrogatmora er gift, blir mannen hennar rekna som far (pater est-regelen), så då må han seie frå seg farskapet, slik at farskapet kan endrast til den mannen som har vedgått farskapet. Slik vedgåing gjeld berre når NAV finn det truleg at han er far til barnet. I slike tilfelle blir det kravd DNA-test for å endre farskapet. BLD har no hatt ute ei høyring om endring av barnelova sine reglar om farskap og om adopsjon der òg dette blir teke opp (Bioteknologinemnda sitt høyringssvar kan lastast ned frå www. bion.no).
Kilde; http://www.bion.no/2010/10/assistert...e-lov-i-noreg/
NAV bestemmer, altså. Også i India. 
__________________
“Though she be but little, she is fierce!”
- Shakespeare
|