Sv: Katt, fordeler og ulemper
Forresten - katten vår er slank - vi fekk råd om å berre gi våtfor ein gong i veka, særlig viktig med innekatt. Grunnen er at ein katt gjerne et seg mett våtfor, og dette legg dei visst mykje på seg av. Det fører også til at dei et for lite av tørrforet, som egentlig er viktigast at dei får i seg. Om eg forsto dette riktig da...
Uansett, katten vår får våtfor berre på lørdagar. Han er ikkje spesielt interessert når vi fyller skåla med tørrfor, men han et det når han blir sulten nok Dersom han fekk våtfor kvar dag hadde han proppa i seg trur eg... Sånn som det er nå er det alltid tørrfor i skåla, og han tar seg ein bit når han blir sulten. Våtforet på lørdagar sluker han, går deretter på do, og så kubbar han fullstendig i sofaen, mett og lykkelig. 
|