Sv: Kvarme og homofile prester (VG)
Det er viktig å understreke at Bibelen er skriven av menneske. Det er ei samling av skrifter som menneske har nedteikna og vidareført, ergo er skriftene sjølvsagt prega av gjeldande normer og verdiar frå den tida.
Dette er vel både kristne og ikkje-kristne einige om, ja?
Det er mange ting, handlingar og tankar som vert skildra som syndige, og sjølve kristendommen bygger vel på tanken om at alle menneske i utgangspunktet er syndige. Løgn, bedrag, stjeling, misunnelse o.l. er vel meir vanlege - og dermed meir aksepterte synder.
Eg forstår ikkje, uavhengig av mi personlege tru, korleis nokre meiner at dei kan gjere seg til dommar over kva som er aksepterte og dermed "lovlege" synder og kva som ikkje er aksepterte synder. Det er vel ingen som forventar av ein prest at han/ho aldri har kjent sjalusi eller eigetrang, eller aldri har fortalt ei kvit løgn?
|