Sv: Stelleveske som også passer godt til pappa'n?
Vi har ei frå IKEA som Mannen kjøpte, den var funksjonell som stelleveske, men rommer lite anna. Så har vi ei svart som eg kjøpte på salg ein eller annan plass, den kosta 300 kr og det var meir enn eg nokon gong hadde brukt på veske til meg sjølv. den bruker vi no, har plass til masse, men det er mykje velcro på den, så den heng seg litt opp i ting og er litt vanskeleg å lukke. Tipper vi bruker den så lenge den held uansett, den funker fint.
Eg ville uansett kjøpt det eg ville ha sjølv, evt brukt ei veske eg alt hadde, og så latt Mannen kjøpe ei han likte sjølv. Det er uansett veldig, veldig kjekt å ha "kvar si" slik at eventuelle ulikheitar i når og kordan den blir pakka ikkje får kritiske følger. (Eg gjer den alltid klar for ny bruk rett etter bruk, Mannen gjer det rett FØR bruk. Gjett korfor det var greiast å ha kvar vår.)
|