Sv: Sykemeldinger
Eg har fleire gonger insistert på at eg ikkje vil sjukemeldast, eller at eg vil ha lågare prosent enn 100%. Då har argumentet mitt vore at ein ting er det fysiske, som gjer at friskmelding ikkje er eit alternativ, medan det også er ei påkjenning i seg sjølv å vere sjukemeldt. Eg må jobbe aktivt med meg sjølv for å ikkje bli deprimert av vere "unyttig". Eg tar initiativ, kjem med forslag til konkrete oppåver eg trur eg klarer å utføre, sjølv. Men mi erfaring er at utan dette initiativet, er det overraskande lett å få ei sjukemelding. Eg blir i alle fall tilbudt dette, når eg kjem for å få smertestillande, antibiotika eller andre hjelpemidler som skal hjelpe meg å unngå sjukemelding.
|