Sv: Tips til type hekk?
Fluke: Bæra på barlind er giftige! Den er skummel, fordi bæra ser veldig gode ut. (http://snl.no/barlind). Vi reiv bort ein barlindhekk då vi flytta inn her vi bur nå, nettopp fot å bli kvitt dei giftige bæra.
Vi har vore gjennom lista, og landa på agnbøk. Vi hadde og lyst på buksbom, men bur i H4, og denne tåler visst ikkje lange periodar med kulde om vinteren, så det er ein sør-vestlandsplante. Dessverre. Agnbøk er ikkje vintergrønn, men stammane og greinverket blir veldig tett, slik at hekken gir innsynskjerming sjølv om han ikkje har blader. Ifølgje nrk.no/hage (http://www.nrk.no/planteguiden/?acti...t&plantId=4475) gir han også vern mot errosjon.
|