Sv: Antisemittisme i Norge
Opprinnelig lagt inn av bai, her.
Eg diskuterte ofte dette med ein tidlegare kollega, som er jøde. Og han meinte at eg var antisemittist, fordi eg hadde pro-palestinske haldningar med tanke på Israel. Eg meiner det er stor forskjell på desse to tinga. Men slike utspel får meg (dessverre) til å ikkje alltid ta oppslag om jødehat heilt på alvor. Eg stusser over at mange jødar er veldig snare til å rope om antisemittisme. Eg har på mange måtar tenkt at jødehatet i Norge i dag er litt sånn "ulv, ulv". Men denne rapporten tyder jo på at det kanskje er meir reelt. Samtidig synest eg det er veldig positivt at denne rapporten nyanserer akkurat dette, samanhengen mellom politiske pro-palestinske haldningar og antisemittisme. Det er eit viktig aspekt dom høyrer med.
Eg er vel omtrent på linje med bai her. Eg er anti-Israel men ikkje antisemittist. Og eg syns også at jødar/Isrsael-venner har ein tendens til å rope om antisemittisme med ein gang nokon er kritiske til Israel. Hugsar ein kronikk av Jostein Gaarder for nokre år sidan som blei beskyldt for å vere antisemittisk, men slik eg leste den var det kun ein kritikk av Israel.
Men eg tvilar ikkje på at det finns ekte antisemittisme i Norge også.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|