Sv: Ferger fra Athen til Sifnos, Sifnos til Folegandros og Folegandros til Santorini
Opprinnelig lagt inn av Polyanna, her.
Men det som hadde vært optimalt hadde vært å finne en båt som gikk litt utpå kvelden den 3.
Kommer det flere ferjeruter ut etterhvert, eller er det meste publisert nå?
Nei, juli-rutene er nok lagt ut no, og det kjem neppe fleire ferjer. Tysdag 3. juli går det to båtar, ein 07.25 og ein 07.30, så det går ikkje. Onsdag 4. juli går det 07.25, 07.30 og truleg ein 14.55 (på den siste står det «This schedule is not officially approved yet» på gtp). Om den ettermiddagsbåten går, er kanskje det mest behageleg? Men med avgang tidleg om morgonen kjem de dykk raskt ut til Sifnos, sjølvsagt.
Så då står vel valet mellom A) å overnatte som planlagt på Hotel Rio og ta seg ned til Pireus anten med drosje eller med t-bane frå Omonia eller B) overnatte i Pireus i staden. B har den føremonen at de kan stå opp litt mindre tidleg om det blir morgonferja de tek.
|