Sv: Kjønnsløs oppdragelse
Det er jo ein himmel stor forskjell på å gje barn ein oppvekst uten vekt på kjønnsroller, dvs. jente- og guteleiker, jente- og gutevener osv., og det og ikkje fortelje barnet ditt om det er gut eller jente. Det første er berre sunt i mine auge, mens det siste har eg vanskeleg for å sjå vil føra noko godt med seg i lengden. Samfunnet er ikkje tilrettelagd for kjønnslaus oppdraging, og det er eg veldig glad for. Dersom alle skulle gå over til kjønnslaus oppdraging undrer eg meg over kva samfunn me vil få. Korleis vil det påverke verden?
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|