Sv: Grønn hverdag: Kaffekapslene er et miljøproblem
Eg skjønner kva du meiner, Meissa. Men eg er ikkje einig i at ein skal ha seg fråbedt at folk snakker om kva som ikkje er miljøvennleg, fordi alle har sine ting.
Eg køyrer mykje bil for tida. Eg er inne i ein periode kor eg ikkje klarer gå meir enn rundt 500 meter, så dersom eg ikkje skal bruke bil, vil eg ha relativt liten bevegelsesradius. Det blir ikkje mindre miljøfiendtleg å stå i kø på ringvegen av den grunn, men fordi det er godt for mi mentale helse å komme seg litt lenger bort enn 500 meter, innimellom, prioriterer eg det framføre miljøet.
Eg synest det er legitimt å seie "Ja, eg veit det er dumt å drikke nespressokaffe/køyre bil/spise scampi/spise knekkebrød med smøreost av palmeolje/kaste matrestar/whatnot... men eg gjer det likevel". Eg synest ikkje det er legitimt å seie "Eg drikk nespressokaffe/køyrer bil/spis scampi/spis knekkebrød med smøreost av palmeolje/kastar matrestar/whatnot... så derfor bør ingen seie at det er dumt, dersom dei aldri har gjort noko gale sjølv".
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
Sist redigert av nokon : 22-01-13 kl 22:21.
|