Sv: L'Occitane - anbefaling?
Eg måtte lese kva l'occitane seier om saka sjølv, i linken eg gjenga tidlig i tråden. Eg syns dei argumenterer godt, men kva veit eg - det er jo deira side av saken. I utgangspunktet er det jo veldig bra at produkt som ikkje er blitt testa på dyr slepp til i eit stort marked som ikkje har like godt holdning på dette. Da kan ein kanskje utkonkurrere merker som er mindre bevisste (Problemet er altså ikkje at l'occitane testar på dyr, men at kinesiske myndigheter gjer det).
Veldig bra om l'occitane jobbar for å endre kineserane sine haldningar - etter sigande skal dei ha komme i gang med eit arbeid for å få slutt på dette.
Heilt ærlig las eg dette første gongen og blei beroliga, men eg tok det vel ikkje heilt inn over meg kanskje. At produsenten ikkje bruker råvarer som er testa på dyr, eller testar sine eigne varer på dyr har liksom vore tilstrekkelig for meg - har aldri tenkt lenger fram.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|