Sv: En sjuskes bekjennelser ...
Eg har starta prosjekt "ryddig hus" no. Eg har valgt å konsentrera meg om eit rom om gangen, dvs. resten av huset ser ut som om det normalt sett gjer.
Eg bestemmer meg for eit rom, og det skal vera ryddig nesten heile tida. Når det har blitt ein vane, flytter eg meg til neste rom. Etter kvart satser eg på at det blir ein vane å halda alle rom ryddige 90% av tida.
Mitt første rom er kjøkkenet. Tidlegare var me sløve med å tømma oppvaskmaskinen, som gjorde at det som regel alltid stod litt oppvask på benken. Vaske panner etter middag vart heller ikkje gjort med ein gong.
No er alt ryddig og reint, og alt vert tatt med ein gong. Uansett kor trøtt eg er, tvinger eg meg til å ta ein ekstra shining før eg legger meg. Og det beste er at det ser ut for å smitte bittelitt over på ungane. 
Mandag skal eg begynna på gangen.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|