Sv: Er det rart å skrive nynorsk om man snakker ei bokmålsnær dialekt?
Opprinnelig lagt inn av Polyanna, her.
Godt poeng, Nokon. Det kan hende eg hadde lest raskare om alle tekstane rundt, over tid, var på nynorsk.
Noko av det verste eg veit å lese er aviser som vekslar på målføret, som Sunnmørsposten og Haugesunds Avis. Eg brukar ingressen og langt ned i artikkelen til å justere stemma i hovudet mitt til målføret eg les på, og så må eg skifte igjen til neste artikkel.
Men det fungerer bedre her på forumet, fordi eg allereie har ei forventning om kven som har kva slags røyst. Akkurat som når ein irl veit kva ein kan forvente å høyre når bergensaren eller trøndaren opnar munnen.
Les du høgt inni deg når du les?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|