Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Nyheter og media

Heikki Holmås sin tweet

Nyheter og media Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 13-09-13, 16:17   #19
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Heikki Holmås sin tweet

Det er jammen meg ikkje lett å få ordlagt kva ein syns, men skal gjere eit forsøk her.

Eg har hovedfag frå universitet, humaniora og samfunnsfag. Eg har stemt både SV og V i alle år. I dei kretsar eg var i, var alle trygt planta på venstresida i politikken – eller med aksepterte avstikkarar til grøne parti. Etter utdanning forblei eg i byen, og begynte i jobb saman med andre likesinna akademikerar som stemte SV, R, V, SP, AP og så var det økonomisjefen og litt andre som stemte H. Folk som stemte FrP møtte ein jo knappast, og ein hadde dei i alle fall ikkje i omgangskretsen.

Så flytta eg til ein liten blå kommune gitt, der folk hadde lågare utdanning. Og oppdaga at her sto både den eine etter den andre på mørkeblå liste - og dei var størt i kommunen. Dei passa ungane mine, dei var mor til gutungen sin bestekompis, dei ekspederte meg i butikken, og dei tok meg med på sopptur. Dei var fordundre meg over alt - hyggelige, smilande, interesserte i meg og mitt. Dei var medlemmer av, og tilhengar av eit parti som har eit heilt anna menneskesyn enn meg. Dei var imot innvandring av «fremmedkulturelle». Samtidig var dei opptatt av personlig frihet, meir valgmuligheter og å bestemme sjøl – ting eg heilhjerta kan stille meg bak. Eg oppdaga at frp-velgaren var litt meir enn det eg hadde trudd.

Men kva skulle eg gjere da, i selskap med FRP-eren? Flytte fra kommunen? Bure meg inne? Ikkje ta imot vinglaset som blei servert, og ikkje nyte det unektelig hyggelige selskapet ein fredags kveld? Seie nei til fjellturen med latter, gode samtalar og kvil på toppen, fordi turfølget meiner at muslimar står bak all terrorisme i verda? Eg tok heller både turen og diskusjonen. Eg forfektar hardnakka at det største savnet etter å ha flytta frå byen er at det er altfor få muslimar på skulen. Og så må dei argumentere imot. Kanskje har dei godt å få få ein jækla påståelig akademiker inn i stova? Er eg enig med dei politisk? Nei. Ler vi av dei same vitsane? Ja.

Dette blei jo ei heil avhandling, og eg er sjølvsagt enig i at spranget frå mitt kvardagsliv er enormt stort til at FrP faktisk sit inn i regjering, med reell makt og direkte påverknad. Men eg meiner fullt og fast at dei representerer dei 3. største partiet i landet, og av respekt for demokratiet, stemmeretten og alt det vårt styresett bygget på, så kan ikkje dei andre politiske partia inngå ei «pakt» om aktivt utestengelse av eit bestemt parti. «De er ikkje som oss». Jo, dei er som oss. Dei er oss. Dei er veninna mi som kjem med rips i eit spann. Kor er vi på veg dersom vi med vilje utelukkar eit parti som er demokratisk valgt etter alle prinsipper frå a til å, fordi vi ikkje likar dei? Kor står det i grunnlova? Kva rett skal vi påberope oss? Human-etiske rettar, bibelen, eller kva? Skal ei stemme til FrP telle litt mindre enn ei stemme til AP?

I visse spørsmål er dei ulidelig usmaklige, og det kan godt hende at dei har rydda programmet sitt fritt frå grums, men tillet det å boble opp i debattar, for så å bortforklare. Men dei må møtast med motargument igjen og igjen. Dei må møtast med retorikk og ikkje fornektelse og forakt.

Det er mitt syn på saka. Og eg meiner bestemt at både V og KrF kjem mykje lenger med H og FRP når det gjeld sin politikk. Det er som Eid-ordføraren (V) sa i sin blogg når det gjeld miljøspørsmålet:

"som Venstre-mann vil eg faktisk heller samarbeide med eit Frp som handlar og ikkje trur, enn eit Ap som trur, men nektar å handle"

Beklagar lengden... (sjekk elles blog-lenka, det er godt skreve, og forklarer kvifor AP står så langt frå V)

__________________
Jente 2003 og gut 2005

Sist redigert av Syrin : 13-09-13 kl 16:28.
Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Trådverktøy
Visningsmåter

Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 02:47.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no