Sv: Spinn off - Dine gamle foreldre / svigers
No gjorde eg rett og slett eit raskt google-søk, og fann eit privat heimehjelpsbyrå i heimbygda. Under over alle under! Veldig hyggelig samtale med dei. Utfordringa er jo å få to gamle krokar til å ta imot hjelp, utan at dei ser på det som synd og skam -at dei no er klare for kista, eller at forfallet har nådd så langt at folk på bygda snakkar om det.
Eg ønsker så gjerne å hjelpe dei, sjølv om dei ikkje har nådd ein tilstand der dei ikkje greier noko som helst sjølv, og har krav på hjelp frå det offentlege. Heimehjelpa kunne t.d. luke litt i hagen (inngangsparti og terrasse betyr all verden for mor mi, men ho får det ikkje til), dei kunne bere inn ved, og ta det tunge reingjeringsarbeidet på bad, kjøkken og golv. Utfordringa er å presentere denne mugligheten til foreldre, og få dei til å gå med på det. Heimehjelpa foreslo gavekort som ein start. Ho sa at for mange var dette å få hjelp i huset ein barriere, og ein starta gjerne med ein gong i månaden. Når ein så fekk erfaring med at dette var trygt og positivt, så ønskte dei eldre svært ofte at hjelpa blei utvida.
Som gammal skal eg ta imot tenester utan fnugg av skam og skuld. Gjerne takknemlig, men aldri med skam.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|