Sv: Spinn off - Dine gamle foreldre / svigers
Men det er mange her som er ganske kategoriske på å ikkje gje hjelp, f.eks til svigers - og har sikkert gode grunnar til det. Eg ser ikkje på det som så galt. Men kva gjer de når dei ikkje får hjelp hos nokon? Kva gjer de når svigermor ringer og seier det er 15 grader inne, og ho greier ikkje bere inn ved? (ein greier ikkje hoste opp offentlig finansiert ved-bæring sånn på timen). Skal gamla fryse? Sjølv om du har 3 timar å kjøre dit?
Og behovet for eldrebustad vil jo melde seg, men det lar seg ikkje ordne i ei handvending - og kanskje vil dei ikkje dit frivillig. Eg spør ikkje for å vere slem, men eg problematiserer . For enkelte er alt ordna, men for ganske mange er det IKKJE ordna når situasjonen plutselig er der. Og sjølv om ein ikkje har snakka med svigers på 5 år - så ... eg veit ikkje... kjenner ein ei slags forpliktelse for at dei i alle fall ikkje dør i sengene sine?
Min onkel, einstøing, fekk slag etter slag. Han nekta å flytte ut av barndomsheimen. Han fekk alarm, for han ramla jo rundt i huset heile tida. Han ringde utallige netter til veslebrorer på 80 (min far), som måtte komme og hjelpe han tilbake i senga. Til slutt blei han tatt med makt til sjukeheimen, imot eigen vilje. Men det var nokre slitsomme månader i forkant. Kva GJER de da, de som seier at de kjem til å gjere ingenting? Ingenting altså?
(her vil de vel svare at partnar sine foreldre er hans ansvar eine og aleine, og hans prosjekt, isolert).
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|