Sv: Syns du at FrP er et rasistisk parti?
Opprinnelig lagt inn av Zoë, her.
Det jeg har i hodet mtp FrP om dagen, oppsummeres veldig greit i denne kommentaren av Egeland, publisert i Dagbladet.
"Likevel er vi kommet dit at helt alminnelig politisk kritikk av Frp nå blir karakterisert som «brunskvetting». Taktskiftet er markant og kan observeres i ulike deler av den offentlige debatten. Samtidig er hvitvaskingen av Frp løftet opp til en slags nasjonal oppgave i kampen om nasjonens sjel og selvforståelse. Dit vil ikke jeg være med. Jeg skal fortsette å være glad i dette rare landet, men uten å omfavne Frp som et nasjonalklenodium. Det ville være å elske sitt land i hjel."
"Brunskvetting" var nytt for meg - meg eg forstår ikkje heilt kva det er meint. Er det altså når FrP blir kritisert? Kvifor er det da brunt? (ikkje meint som direkte spørsmål til deg Zoë altså).
Elles er eg uenig med Egeland i ein god del her. Eg syns ikkje taktskiftet er markant - FrP blir hardt kritisert framleis. Å bruke nemninga "hvitvasking av FrP" eller "omfavningen av FrP" er i høgste grad nokså ladde bilde, men ein journalist skal vel heller ikkje vere nøytral, så greit nok. Eg kjenner meg ikkje igjen og syns ikkje eg forherligar FrP, vaskar dei kvite, eller omfavnar dei. Men eg ser ikkje grunn til å kalle partiet for noko det ikkje er, i alle fall slik eg oppfattar dei. Kvifor skulle eg gjere det?
Mykje av det han kallar "kvitvasking" eller "omfavning" kjem i etterkant av eit innlegg i Dagens Nyheter av ein svensk journalist som analyserer Norge og den norske rasismen. Der får alle gjennomgå, bl.a. er SV også kritisert for å vere rasisitiske. Civita-leiar Kristin Clemet (H), Kjetil Raknes (SV) og ekstremisme-granskar Øyvind Strømmen (medlem av MPG) skreiv saman eit svar der dei sa seg uenige i dette, men dette kom aldri på trykk i svenske media. M.a omtalt her: http://www.journalisten.no/node/41063 .
Og gjengitt gjentatte gonger på twitter det siste døgnet. Pinlig sak for Dagens Nyheter.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 18-11-13 kl 23:52.
|