Sv: Kommunale ungdomsråd
Tusen takk!
Eg er positiv til at det nå blir oppretta eit ungdomsråd i kommunen eg bur i. Det verkar å vere ei veldig bra ordning. Men eg er skeptisk til at for å opprette rådet tar kommunen alle pengane som var satt av til støtte til lag og organisasjonar for å lønne ein koordinator for ungdomsrådet. Eg skulle sjølvsagt gjerne hatt både råd og støtte til teatergrupper, idrettslag etc, men dersom ein må velge mellom desse to, så er eg meir i tvil. Kva betyr mest for ungdommane - at dei har eit ungdsområd, eller at aktivitetar dei deltek i har kommunal støtte? Eg syns det er leit at frivillige organisasjonar, som gjer mykje for dei unge, ikkje får støtte. Dog vil dei sjølvsagt drive vidare på friviillig basis altså. Sånn sett ender ein jo opp med både eit råd, og eit lagsliv som held det gåande på viljestyrke.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 11-02-14 kl 17:47.
|