Sv: Storforlangende innvandrere?
Mi erfaring frå skulen er at innvandrarar er like forskjellige som nordmenn. Eg har høyrd asiatiske foreldre kjefte på barn som stiller rimelige krav til lærarar fordi dei skal vere takknemlige for å få gå på skulen heilt gratis og eg har møtt norske elevar og foreldre som har heilt urimelege krav til skulen som serviceinstitusjon.
Mitt generelle inntrykk er at det er nokre få innvandrarar med veldig mykje bagasje som strever med å tilpasse seg. Og eg tenker at dette er ei gruppe som skaper veldig mange fordommer og at mange generaliserer utifrå einskildepisodar. Det er eit problem at ein del offentlege institusjonar ikkje har kompetanse til å følgje opp desse spesielle tilfellene, for eksempel er det stor mangel på psykiatrisk kompetanse i norske skular, kor både norske elever og flyktningar får utilstrekkelig oppfølging og lite ressurser. Mangel på tolk/morsmålslærarar skaper og unødvendig mykje frustrasjon og misforståelser. Mange nordmenn forventer at innvandrarar skal ha full kjennskap til norske normer og regler og møter folk som ikkje held seg til våre forventningar urimeleg negativt. Eg tenker det handler om kunnskap i begge "leirar".
Å reagere negativt på at ein muslimsk lege ikkje håndhelser til tross for at ein har god nok kjennskap til ein del kulturelle forskjellar, til å kunne forstå dette, synest eg blir kravstort frå nordmenn si side igjen.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|